Fordeling av skjønn i statsbudsjettet
Statsforvaltaren har i fordelinga av skjønnsmidlar lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av kommunanes overordna økonomiske situasjon. I tillegg har vi vurdert om det er lokale tilhøve som ikkje er varetekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane uendra samanlikna med 2021. Ramma til Vestland er 145 mill. kroner. Ramma er fordelt slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:
- ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 115 mill. kroner
- fornyings- og innovasjonsprosjekt 15 mill. kroner
- til seinare fordeling i budsjettåret 15 mill. kroner
Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan i budsjettåret verte endringar mellom desse rammene.
Les meir om fordelinga i vårt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.