Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2019

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, språkdeling (nynorsk/bokmål) og svak økonomi er prioritert i skjønnsfordelinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2019

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 100 mill. kroner samanlikna med 2018. For 2019 er fylkesrammene fordelt etter ny embetsstruktur, og ramma til nye Vestland er 168,3 mill. kroner. Samanlikna med fylkesrammene for 2018 (Sogn og Fjordane 55,8 mill. og Hordaland 122,5 mill. kroner), er dette ein reduksjon på 10 mill. kroner (6 %). I felles leiarmøte mellom dei to embeta er det teke ei avgjerd at ramma for Vestland i 2019 blir høvesvis fordelt mellom embeta slik som i 2018. Det betyr at ramma til Sogn og Fjordane blir 52,7 mill. kroner. Dette er tilrådd fordelt med 42,2 mill. kroner (49,7 i 2018) til kommunane gjennom statsbudsjettet og 10,5 mill. kroner (6,1 mill.) til fordeling i budsjettåret.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar