Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2025
Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapsvurdering av økonomien i kommunen når vi fordeler den tildelte ramma til kommunane.
Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane 800 mill. kroner, av dette er ramma til
Vestland på 139,1 mill. kroner. Både den nasjonale ramma og ramma til Vestland er nominelt uendra frå 2024.
Vi har fordelt vår ramme slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:
- ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 110,7 mill. kroner
- fornyings- og innovasjonsprosjekt 14,2 mill. kroner
- til seinare fordeling i budsjettåret 14,2 mill. kroner
Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling seinare i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan verte forandringar mellom desse rammene.
Les meir om fordelinga til kommunane i vårt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet vedlagt.
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40 -
Synnøve Stalheim
Tlf: 57 64 30 04