Kommuneøkonomien for kommunane i Vestland
Statsforvaltaren har gjort ei vurdering av kommuneøkonomien i Vestland. Vi har sett på driftsresultata etter 2024, og vurdert budsjett og økonomiplanar for 2025–2028 for alle kommunane i fylket.
Kommunane står framfor store omstillingar og endringar dei nærmaste åra, og tala viser at 2024 har vore eit vanskeleg år. Totalt 22 av 43 kommunar i fylket kom ut med negative netto driftsresultat, og dei økonomiske resultata for 2024 vart vesentleg svakare enn i 2023.
Vestland er eit stort fylke, og det er store variasjonar mellom kommunane. Men tendensen og retninga er at fleire av kommunane får ein svakare økonomi, og det blir færre som har gode driftsresultat, pengar på bok og ei overkommeleg gjeld.
Det er fleire årsaker til den svake økonomiske utviklinga, og endringane i demografi framover (at det blir færre barn og fleire eldre) gjer at kommuneadministrasjonane og politikarane må tenkja annleis. Dette er vanskelege og krevjande situasjonar å stå i, men det er nødvendig at det blir gjort grep for å tilpasse seg ein ny kvardag, og nye måtar å utføre tenestene på.
Privatøkonomien har betra seg siste åra og gjer at forventningane til kva kommunane kan yte til innbyggjarane, blir stadig større. Svært mange av kommunane har ikkje dei nødvendige ressursane, verken pengar eller folk, til å innfri alle desse forventningane. Kanskje må "dugnads-tanken" igjen bli tydelegare, og innbyggjarane må ha forståing for situasjonen. Det er mange lovpålagde oppgåver som må løysast, og det er viktig at dei som verkeleg treng hjelp får det.
Statsforvaltaren vil oppmode både kommuneadministrasjon og politikarar om å gjere dei naudsynte grepa som må til for å sikre at økonomien i kommunen er i balanse. Vestland treng velfungerande kommunar, og ei berekraftig utvikling både for dagens innbyggjarar og til beste for generasjonane som kjem etter oss.
Sjå vedlagt notat om kommuneøkonomien, og utvikling av kommuneøkonomien 2025–2028.
Kontaktpersonar
-
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 -
Synnøve Stalheim
Tlf: 57 64 30 04