Kostra-rapportering for 2025 og endra kontoplan for 2026
Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid, og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 23. februar 2026.
Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2026.
Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern er 15. januar 2026.
For rapportering av andre tenesteskjema er fristen 16. februar 2026.
Fristen for rapportering av rekneskapsdata er sett til 23. februar 2026.
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.
Meir informasjon om rapporteringa finn de i lenka til Statistisk sentralbyrå.
Der finn de og brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet med endringar i artar og funksjonar i kontoplanen frå 2025 til 2026. I tillegg finn de lenke til rettleiaren til Kostra kontoplan for 2026.
Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.