Skjønnsmidlar til førebygging av flaumskader i Vestland
Regjeringa har sett av inntil 100 mill. kroner i ekstra skjønnsmidlar for å dekke kommunanes kostnader til førebyggjande tiltak knytt til vårflaumen. Vestland fylke fekk tildelt 10 mill. kroner av desse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.06.2020
Ifølgje NVE har det vore eit stort og aukande sannsyn for flaum både sør og nord i landet. Det vart derfor aktuelt å sjå på mogelegheita av å setje i verk førebyggjande tiltak for å redusere potensiale for alvorleg skade på kritisk kommunal infrastruktur.
Fylkesmannen fekk inn søknader frå 15 kommunar i Vestland. I brevet til høgre i artikkelen kan du lese om tildelinga, og retningslinjer og rapportering knytt til desse.
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72