Skjønnsmidlar til kommunane etter ekstra utgifter og smittetal for covid-19
Statsforvaltaren har fordelt 220 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i Vestland etter ekstra utgifter og smittetal som følgje av covid-19 i første halvår 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.06.2021
Skjønnsmidlane er fordelte etter vedtak i Stortinget (tilleggsprp. for statsbudsjettet 2021) om å auke skjønnsramma til kommunane med 1,5 mrd. kroner i første halvår 2021, og vi har lagt til grunn følgjande modell/kriterium:
- rapporterte påløpte ekstra utgifter frå kommunane i perioden 1. januar – 15. mars (30 prosent)
- anslag frå kommunane på ekstra utgifter for perioden 16. mars – 30. juni (15 prosent)
- Folkehelseinstituttet (FHI) sin kommunefordelte statistikk for tal smitta personar i perioden 1. januar – 31. mai (40 prosent)
- FHIs smittetal i kommunane per 1000 innbyggjar for perioden 1. januar – 31. mai (15 prosent)
- minimumsbeløp på kr 250 000 (kommunar som ikkje har rapportert om ekstra utgifter og kommunar som kjem under dette beløpet berekna etter modellen)
- samla vurdering av sum skjønnsmidlar etter smittetal og innmelde ekstra utgifter for kvar kommune.
Du finn aktuelle dokument til høgre i artikkelen.