Statsbudsjettet 2026
Regjeringa Støre har lagt fram Statsbudsjettet for 2026. Veksten i frie inntekter for kommunesektoren samla er berekna til 4,2 milliardar kroner. Det er i nedre grense av intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen i mai. Kommunane sin del av den samla veksten i frie inntekter er 3,2 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 1 mrd. kroner.
Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå anslag rekneskap 2025 til framlagt statsbudsjett 2026 er 4 prosent, medan snittet for landet er 4,1prosent. For Vestland ligg 24 kommunar under veksten for landet, og 19 kommunar ligg likt eller over. Anslag på deflator er sett til 3,5 prosent for 2026.
Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er folketal og alderssamansetjing, endringar i inntektssystemet eller andre kriteriedata, skjønnstilskot, regionalpolitiske tilskot, eller skattegrunnlaget.

Kontaktpersonar
-
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 -
Synnøve Stalheim
Tlf: 57 64 30 04