Utvikling av kommuneøkonomien i Vestland
Statsforvaltaren har gjort ei vurdering av kommuneøkonomien i Vestland. Vi har sett på driftsresultata etter 2025, og vurdert budsjett og økonomiplanar for 2026–2029 for alle kommunane i fylket.
Dei aller fleste kommunane jobbar no med å omstille seg til ein ny kvardag, og mange står framfor omfattande endringar dei nærmaste åra. For kommunane samla viser tala at dei økonomiske resultata i 2025 var betre enn i 2024. Talet på kommunar i fylket med negativt netto driftsresultat vart redusert frå 22 kommunar i 2024, til 18 kommunar i 2025.
Men det er framleis store variasjonar mellom kommunane i fylket. I vedlagde notat kan du lese meir om korleis dei ulike økonomiske resultata for netto driftsresultat, disposisjonsfond og lånegjeld har utvikla seg i løpet av 2025, og om bakgrunn for utviklinga.
Kommunekommisjonen peikar på at aldring av befolkninga og mangel på arbeidskraft er ei hovedutfordring framover, og at omstillingsbehovet i kommunane vil bli forsterka fram mot år 2050. Mange av kommunane i vårt fylke opplever samstundes folketalsnedgang, og vil då også få nedgang i inntektene sine. Fleire kan då etter kvart få vanskar med å levere tenester i tråd med det breie oppgåveansvaret dei har.
I kommuneproposisjonen for 2027 blir det derfor vurdert nye samarbeidsmodellar for interkommunalt samarbeid, kommunale oppgåvefellesskap, vertskommunesamarbeid og kommunesamanslåing. Det er allereie sendt ut høyringsforslag på forsterka interkommunale samarbeid med høyringsfrist 1. oktober.
Forventningane til kva kommunane kan yte til innbyggjarane, blir stadig høgare. Mange av kommunane har ikkje dei nødvendige ressursane til å innfri alle desse forventningane, verken med tanke på økonomi eller personell. Mange av kommunane slit med å rekruttere personell med relevant fagkompetanse, også kommunar som har eit godt økonomisk grunnlag. Det er mange lovpålagde oppgåver som må løysast, og det er viktig at dei som treng hjelp får det.
Statsforvaltaren vil oppmode både kommuneadministrasjon og politikarar om å gjere dei naudsynte grepa som må til for å sikre at økonomien i kommunen er i balanse. Vestland treng velfungerande kommunar, og ei berekraftig utvikling både for dagens innbyggjarar og til beste for generasjonane som kjem etter oss.
Kontaktpersonar
-
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 -
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 -
Edvard Høgestøl
Tlf: 55 57 20 45