Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet
- Dato:
- 10. mars 2021 09:00 - 14:00
- Stad:
- Digitalt – nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 8. mars 2021 23:59
Tema for den digitale nettverkssamlinga den 10. mars er karriererettleiing. Vi har opna for påmelding.
Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP).
Tema på samlinga og program
På samlinga set vi fokus på karriererettleiing gjennom innlegg frå Karriere Vest og Nav Stord. Det vert lagt opp til dialog og diskusjon av problemstillingar i digitale grupperom.
Vi får to innlegg på samlinga. Før lunsj vil Karriere Vestland fortelje om 1-2-3 modellen, som er eit kartleggingsverktøy.
Dei vil og seie noko om arbeidet med karriererettleiing av flyktningar og innvandrarar.
Etter lunsj tek Nav Stord over. Marie Isdahl og Anne Gunn Saue vil snakke om kartlegging, utarbeiding av mål og måloppnåing, samt korleis dei arbeidar med valstrategiar.
Vi oppmodar deltakarane på nettverkssamlinga om å sende inn spørsmål/problemstillingar til Karriere Vestland og Nav Stord på førehand via lenkje eller QR-koden under:
Program for samlinga finn de under fana "Dokument".
Om påmelding og oppkoblingslenkje
Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet.
Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er måndag 8. mars 2021 kl. 23:59.
Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet seinast onsdag 10. mars kl. 08.00.
Merk at du berre kan melde deg på dette arrangementet ved å fylle ut skjemaet nedst på denne sida. Du vil då få ei stadfesting via e-post. Det held ikkje å klikke på «+ Legg til i eigen kalender».
- Dato:
- 10. mars 2021 09:00 - 14:00
- Stad:
- Digitalt – nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 8. mars 2021 23:59