Møte om FACT sikkerhet – styrkt samarbeid og betre tenester
- Dato:
- 14. november 2022 09:00 - 15:00
- Stad:
- Quality Hotel Maritim, Haugesund
- Arrangør:
- Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- kommunalsjefar for helse- og omsorg, tenesteleiarar/fagleiarar for psykisk helse og rus i Helse Fonna-regionen, FACT sikkerhet, representatar frå politidistrikta og regionale kompetansesenter
- Påmeldingsfrist:
- 24. oktober 2022 23:59
Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland inviterer Helse Fonna-kommunane, politidistrikta og regionale kompetansesenter til møte for å bidra til styrking og vidareutvikling av samarbeidet mellom FACT sikkerhet og kommunale tenester og andre.
FACT sikkerhet ved Valen sjukehus gir tenester til personar med alvorleg psykisk liding og eventuelt rusproblem og tilleggsproblematikk som forhøga valdsrisiko, også personar som er dømte til behandling. Behovet for oppfølging kan gå over lang tid.
Teamet ved Valen sjukehus har i dag tilsette frå spesialisthelsetenesta. Det er inngått samarbeidsavtalar med seks av kommunane i opptaksområdet til Helse Fonna. På noko sikt er det ønskjeleg å få eit meir integrert team.
I møtet vert FACT-modellen nærare presentert. Det er sett av godt med tid til drøfting av korleis samarbeidet kan vidareutviklast.
Programmet blir lagt ut her når det er klart. Invitasjonen som er sendt ut, finn du under "Dokument".
Praktisk informasjon og påmelding
Vi dekkjer overnatting for deltakarar som har meir enn 1,5 timar reisetid.
For å delta på møtet, må du melde deg på via skjema nedst på denne sida.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotell og medarrangør. Les meir om personvern under "Lenkjer".
- Dato:
- 14. november 2022 09:00 - 15:00
- Stad:
- Quality Hotel Maritim, Haugesund
- Arrangør:
- Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- kommunalsjefar for helse- og omsorg, tenesteleiarar/fagleiarar for psykisk helse og rus i Helse Fonna-regionen, FACT sikkerhet, representatar frå politidistrikta og regionale kompetansesenter
- Påmeldingsfrist:
- 24. oktober 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Sita Grepp
Tlf: 51 56 89 42