Webinar om bustadsosiale handlingsplanar (første i serie)
- Dato:
- 14. desember 2022 09:30 - 11:30
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
- Påmeldingsfrist:
- 13. desember 2022 23:59
Statsforvaltaren i Vestland startar opp ein webinar-serie for å støtte kommunane i arbeidet med å utarbeide eller revidere bustadsosiale handlingsplanar.
Program 14. desember:
- Velkomen og informasjon om webinar-serien v/Lars Marius Ulfrstad, seksjonsleiar Statsforvaltaren i Vestland
- Nasjonale føringar for bustadsosialt arbeid v/Sverre Høynes, fagdirektør Statsforvaltaren i Vestland
- Plansystem i kommunane v/Fredrik Arnesen, seniorrådgjevar Statsforvaltaren i Vestland
- Slik gjer vi det i Sunnfjord v/Liv Janne Bell, einingsleiar fagutvikling Sunnfjord kommune
- Diskusjon og vegen vidare
Webinaret 14. desember er første i ei rekke på fire webinar om temaet, der hovudtema vil vere:
- Nasjonale og overordna føringar, samanhengar og rammer for bustadsosiale handlingsplanar
- Organisering og kunnskapsinnhenting
- Målsetjingar, strategiar og tiltak
- Frå plan til gjennomføring
Gjennom webinar-serien er målet å gje kommunane auka kompetanse om korleis nasjonale føringar og kommunanes overordna planar (planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel og arealdel) kan gje føringar for utarbeiding av bustadsosiale handlingsplaner.
Kunnskapsgrunnlag, korleis organisere planarbeidet og korleis gå frå plan til gjennomføring via økonomiplan og budsjett, vil og vere tema. Vi vil òg sjå nærare på korleis Husbankens økonomiske verkemiddel kan bidra til å løyse kommunanes utfordringar på dette området.
FNs berekraftsmål, «Nasjonale forventninger om regional og kommunal planlegging 2019-2023» og den nasjonale strategien for ein sosial bustadpolitikk «Alle trenger et trygt hjem 2021-2024» legg alle vekt på behovet for sosial berekraft i bustadpolitikken. Det inneber behov for å planleggje for bustadar for alle, òg dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden som til dømes eldre, funksjonshemma, vanskelegstilte barnefamiliar, bustadlause m.fl.
I utkast til ny Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (St. prop. 132 L 2021-2022) vil kommunane mellom anna verte pålagt å ta slike bustadsosiale omsyn i planlegginga.
Påmelding til webinar 14. desember skjer via skjema under.
- Dato:
- 14. desember 2022 09:30 - 11:30
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
- Påmeldingsfrist:
- 13. desember 2022 23:59