Digital forureiningsveke for kommunane i Vestland
- Dato:
- 24. september 2024 09:30 - 26. september 2024 14:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunane i Vestland, både administrasjon og politikarar
- Påmeldingsfrist:
- 23. september 2024 08:00
Tirsdag 24. til torsdag 26. september inviterer vi til ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet.
Påmeldinga er no stengd, men du vil likevel kunne følgje webinarane ved å trykkje på lenkjene som du finn i programmet under.
Program
Tysdag er planlagt frå kl. 9.30 til 11.00, onsdag frå kl. 9.30 til 11.30 og torsdag frå kl. 12.30 til 14.00. Vi oppmodar deltarar til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender.
Det kan kome endringar i programmet.
Du kan sjå opptak og presentasjonar i 14 dagar etter endt webinar.
Tysdag 24. september kl. 9:30-11:00:
Forsøpling
- Overordna forsøplingsregelverk
Toril M. Mulen, Statsforvaltaren i Vestland
- Nasjonal tilsynsaksjon om handtering av forsøpling i kommunane
Toril M. Mulen, Statsforvaltaren i Vestland
- Skipsvrak – Kystverket og kommunene, kvem har ansvar?
Rune Suther Frostvin, Kystverket
- Handtering av forsøpling i Sunnfjord kommune
Truls Hansen Folkestad, Sunnfjord kommune
Onsdag 25. september kl. 09:30-11:30
Avløp
- Vatn- og avløpsrett – kommunen som forureiningsstyresmakt
Gjertrud Eid, Line Gulbrandsen og Elin Riise, Norsk Vann
Torsdag 26. september kl. 12:30-14:00
Lenke til webinaret: Dag 3 - Avfallshandtering og nytt frå Miljødirektoratet
Avfallshandtering
- Massehandtering
Astrid Holte, Statsforvaltaren i Vestland
- Avfallsplanar i hamner
Åsmund Skancke Karlsnes, Statsforvaltaren i Vestland
Nytt frå Miljødirektoratet
- Nye krav til materialgjenvinning – kva må kommunane gjere?
Jon Fonnlid Larsen, Miljødirektoratet
- Nytt om avløpsdirektivet, direkte frå Miljødirektoratet
Rita Vigdis Hansen, Miljødirektoratet
Spørsmål om dei annonserte temaa?
Dersom du allereie no har spørsmål knytt til dei oppsette temaa, kan du sende inn spørsmåla dine på førehand. Det vil òg vere avsett tid til spørsmål etter innlegga.
Praktisk informasjon
Måndag 23. september vil dei påmeldte få tilsendt ei lenkje per e-post for å følgje det digitale arrangementet. Er du påmeldt, og ikkje har fått lenkje, sjekk først søppelposten. Dersom lenkja ikkje ligg der, ta kontakt. Lenkja vil òg bli lagt ut på denne nettsida.
Vi oppmodar deltararane til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender.
Det vil vere mogleg å stille spørsmål under arrangementet via ein chat-funksjon.
Om samtykke til opptak
Vi gjer merksam på at webinaret vert tatt opp. Opptaket vil vere tilgjengeleg på Statsforvaltaren sine nettsider to veker etter opptaksdato. Dersom du ikkje tillet opptak, kan du diverre ikkje følgje det direktesendte webinaret.
Samtykke til lagring av e-postadresse til bruk ved tilsvarande arrangement
Vi ønskjer å bruke påmeldte deltakarar sin e-postadresse for å invitere til liknande arrangement. Du kan merke av for ja eller nei til dette.
- Dato:
- 24. september 2024 09:30 - 26. september 2024 14:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunane i Vestland, både administrasjon og politikarar
- Påmeldingsfrist:
- 23. september 2024 08:00