Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordland legevakt

Dato:
3. september 2024 10:00 - 4. september 2024 16:00
Stad:
Dampen, Hagellia 6, 5914 ISDALSTØ
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
26. august 2024 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2024 og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 12.08.2024

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.

Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med fagansvarleg ved Nordhordland legevakt Ann-Christin Sagstad på e-post.

Ver merksam på at oppmøte tysdagen er på Dampen (Hagellia 6, 5914 ISDALSTØ) og ikkje Helsehuset.

Reiseutgifter og overnatting

Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og reiseutgifter. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle.

Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane, inntil 1 500 kroner, for dei med meir enn ein time reisetid (gjeld ikkje for LIS1 i Bergen, Øygarden, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Masfjorden, Austrheim og Vaksdal). Om du har rett på å få dekka overnatting, må du sjølv legga ut for overnattinga og skriva det på reiserekninga. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren.  

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning.

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer"

Dato:
3. september 2024 10:00 - 4. september 2024 16:00
Stad:
Dampen, Hagellia 6, 5914 ISDALSTØ
Arrangør:
Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
Påmeldingsfrist:
26. august 2024 23:59

Kontaktpersonar

Kontaktperson Nordhordland legevakt