Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
22. oktober 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Grand Hotel Terminus, Bergen sentrum
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
4. oktober 2024 16:00

Overordna tema er kartlegging av behov for økonomisk rådgjeving og vedtaksskriving etter sosialtenestelova § 17. I tillegg skal Namsfogden i Bergen ha innlegg om gjeldsordning. 

Publisert 13.09.2024, Oppdatert 19.09.2024

Vi kjem til å bruke gruppearbeid og erfaringsdeling når vi går igjennom kartlegging av behov for økonomisk rådgjeving og vedtaksskriving. Nav Bergen vest og Nav Kvam skal halde innlegg om korleis dei jobbar for å kartlegge behov for tenesta etter § 17. I tillegg skal vi ha workshop der de skal lage hugseliste for kva som er viktig å kartlegge for å vurdere om ulike tiltak kan vere relevante.

Til slutt skal Namsfogden i Bergen halde innlegga «Sosialhjelp og andre ytingar under gjeldsordning» og «Kommande lovendring i gjeldsordningslova».

Praktisk informasjon og påmelding

Det er gratis å delta. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 21. – 22. oktober for dei deltakarane som har lang reiseveg til Bergen; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Grand Hotel Terminus.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen; 4. oktober klokka 16.00. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar».

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar, vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Ved å melde deg på samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
22. oktober 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Grand Hotel Terminus, Bergen sentrum
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
4. oktober 2024 16:00