Fagsamling - Barnehagemyndigheita

Dato:
13. november 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, 5012 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, ved Per Sindre Thoresen Aaland
Målgruppe:
Tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer til fagsamling om barnehagemyndigheitsrolla. Samlinga tek stad 13. november på Grand Bergen.

Publisert 26.09.2024

Dei aller fleste barn i barnehagealder går i barnehage. Barnehagemyndigheita har derfor ei viktig rolle når det kjem til å sikre at alle barn får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Som ei forlenging av førre fagsamling for barnehagemyndigheitene i april, vil vi no gå djupare inn dei ulike pliktene og oppgåvene som barnehagemyndigheita har i denne samanheng. Med denne samlinga ynskjer Statsforvaltaren å fasilitere ein arena der kommunane kan hente inspirasjon og dele erfaringar kring utførselen av desse oppgåvene.

Samlinga rettar seg mot tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.

Samlinga er gratis å delta på, men deltakarane må sjølve dekkje reise og overnattingskostnadar.

De melder dykk med å følgje lenka på høgre side.

Vel møtt.

Dato:
13. november 2024 09:00 - 15:30
Stad:
Grand Bergen, Nedre Ole Bulls plass 1, 5012 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, ved Per Sindre Thoresen Aaland
Målgruppe:
Tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita.

Lenkjer