Webinar: Kva har klimaendringane å seie for garden min?

Dato:
20. november 2024 19:30 - 21:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Klima Vest
Målgruppe:
Landbruksnæring og landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
19. november 2024 12:00

Statsforvaltaren i Vestland og Klima Vest inviterer bønder og tilsette i kommunane i Vestland til webinar.

Publisert 14.10.2024

Kva er det som skjer med klimaet? Kva konsekvensar har dette for meg? Kva kan eg gjere for å tilpasse drifta mi til det nye klimaet? 

Vi har fått med oss Arne Bardalen (pensjonist, tidl. NIBIO), Synnøve Rivedal (NIBIO) og Manuel Hempel (Climate Futures/Norce Resesearch) til å snakke om landbruk og klimaendringar. 

Sjå webinaret på storskjem! 

Inviter gjerne bøndene i kommunen til å sjå webinaret på storskjerm og sett av tid til diskusjonar og sosialt samver. Dersom kommunen samarbeider med det lokale bondelaget om å arrangere møtet, kan lokallaget søkje fylkeslaget om midlar til møtekostnadar.

Webinaret vil bli tatt opp slik at ein kan arrangere felles webinarkveld ein annan dag om datoen ikkje passar.  

Webinar om tilpassingstiltak

Dette webinaret er det første av to webinar. Neste webinar kjem i januar og følgjer opp med fleire konkrete tilpassingstiltak ein kan gjere på gardane i Vestland i takt med at klimaet endrar seg. 

Påmelding innan 19. november klokka 12.00

Dato:
20. november 2024 19:30 - 21:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Klima Vest
Målgruppe:
Landbruksnæring og landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
19. november 2024 12:00