Dialog Skog 3/25 - tips til skogkultursesongen
- Dato:
- 29. april 2025 09:00 - 10:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skogforvaltning i kommunane
Statsforvaltaren Vestland inviterer kommunane til eit webinar der vi tar ein gjennomgang på sakshandsaming av skogkultursaker. Webinaret vil gjennom praktiske eksemplar frå sakshandsaminga i ØKS gje eit innblikk i korleis systemet verkar og kva slags konsekvensar det kan få når dei skoglege parametrane i søknaden er unøyaktig.
Kvifor er bonitet så viktig å få rett og korleis kan ein kvalitetssjekke denne parameteren? Kva kan unøyaktig innteikning av areal føre til? Dette er nokre av mange tema som blir teke opp. Torgrim avheld webinaret og vi ser føre oss eit interaktivt møte der ein kan dele erfaringar frå sakshandsaminga.
Lenke til webinaret vert sendt ut til alle påmeldte like før arrangementet.
Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane.
- Dato:
- 29. april 2025 09:00 - 10:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skogforvaltning i kommunane