Nettverkssamling om kvalifiseringsprorammet
- Dato:
- 4. september 2025 08:45 - 15:30
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 12. august 2025 12:00
Tema er korleis Nav kan lage gode program som verkar for den enkelte deltakar. Vi får også høyre om praksiserfaringar med heilskapleg karriererettleiing.
Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.
Vi legg til rette for gruppearbeid og erfaringsutveksling. Programmet kjem på denne sida når det er klart.
Praktisk informasjon og påmelding
Det er gratis å delta. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir ein veg, kan få dekka overnatting frå 3. til 4. september. Vi dekker ikkje reiseutgifter.
Samlinga og overnattinga er på Grand Hotel Terminus i Zander Kaaes gate 6 i Bergen sentrum.
Påmeldinga er bindande. Dersom du har meldt deg på men likevel ikkje kan delta, ber vi deg melde frå på e-post så snart du kan. Ta kontakt med Cecilie Jantzen, kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar». Du får opp e-postadresse når du trykker på namnet.
Ved å melde deg på, samtykker du til at vi kan dele informasjonen du har oppgitt med hotellet og i Outlook innkallinga. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 4. september 2025 08:45 - 15:30
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 12. august 2025 12:00