Økonominettverket 2025

Dato:
16. september 2025 12:00 - 17. september 2025 13:30
Stad:
Hotel Terminus, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, revisjon
Påmeldingsfrist:
15. august 2025 12:00

Årets samling i økonominettverket blir arrangert 16. og 17. september, på Grand Hotel Terminus i Bergen. 

Publisert 20.06.2025

Programmet er nesten klart, og arbeidsutvalet inviterer til årets samling i  økonominettverket! Av innleiarar kan vi nevne at Torbjørn Eika, sjefsøkonom i KS, og Sigmund Engdal, spesialrådgjevar i KS vil delta, og snakke om den makroøkonomiske situasjonen både for Norge og kommunane, og gå litt nærare inn på behovstrendar og tal for Vestland.
 
Så får vi besøk av Visma som skal snakke om korleis dei ser på framtida og bruk av KI i oppgåveløysinga.

Anders Austrheim frå KLP skal snakke om pensjonssystemet i Norge, og om offentleg tenestepensjon med ny AFP. I tillegg skal han og Linda Nipen frå Kinn kommune, også snakke om premieavvik og konsekvensar for drift og likviditet, og budsjettering og rekneskapsføring av pensjon.

I tillegg til dette blir det innlegg frå fleire kommunar.

Sidan sommarferien står for døra, vert dette utsendt no, og vi set ein frist for påmelding til 15. august. Endeleg program vert utsendt i god tid før samlinga.

Vi gledar oss til samlinga og håpar å sjå dykk i Bergen!
Fint om de sender invitasjonen vidare til andre aktuelle deltakarar i kommunen.

Meld dykk på i skjemaet nedanfor!

Pris for enkeltrom m/frukost er kr 1 100. Dagpakkar kr 695 per dag. Middag om kvelden kr 395.
Samla blir dette for heile samlinga kr 2 885.

Økonominettverket 2025

Deltek
Dato:
16. september 2025 12:00 - 17. september 2025 13:30
Stad:
Hotel Terminus, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, revisjon
Påmeldingsfrist:
15. august 2025 12:00