Fagsamling om psykisk helse og rus
- Dato:
- 1. oktober 2025 09:30 - 2. oktober 2025 15:30
- Stad:
- Bergen, Thon Hotel Rosenkrantz
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommunalsjefar, tenesteleiarar og fagleiarar innanfor psykisk helse og rus i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 20. august 2025 23:59
Vi inviterer kommunalsjefar, tenesteleiarar og fagleiarar til samling i Bergen 1.-2. oktober.
I programmet tar vi utgangspunkt i sentrale problemstillingar og satsingsområde innan psykisk helse, rus og vald i kommunane. På samlinga får vi mellom anna høyre om:
- Korleis det står til med befolkninga i Vestland - kva seier kunnskapskjeldene?
- Kor vi skal med Opptrappingsplanen for psykisk helse og ny rettleiar for psykisk helse og rusarbeid?
- Organisering, kvalitet og forsvarlege og likeverdige tenester i ein krevjande kommuneøkonomi
- Rapporten frå Riksrevisjonen om «Helse- og velferdstjenester til personer med samtidig rusmiddellidelse og psykisk lidelse»
- Vald, utviklingshemming, autisme og rus
Vi legg også opp til erfaringsdeling frå kommunane. Endeleg program og tidspunkt blir lagt ut her når det er klart.
Deltaking på samlinga
Statsforvaltaren dekker dagpakkar for to personar frå kvar kommune i Vestland. Bergen kommune kan delta med fem personar. De må avklare kven i kommunen som skal delta før de melder dykk på. Vi har eit visst tal plassar til konferansen og ønskjer at alle kommunane skal få delta. Dersom det er ledig plass etter påmeldingsfristen har gått ut vil det vere mogleg for kommunane å delta med fleire enn to. Ta kontakt med Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar», om dette er aktuelt. Vi gjer då merksame på at de må dekke middag, overnatting og reise sjølve. Brukar- og pårørandeorganisasjonar innan psykisk helse og rus er velkomne til å delta med ein representant frå kvar organisasjon.
Overnatting
Statsforvaltaren dekker overnatting for to personar frå kvar kommune frå 1. til 2. oktober for kommunar med lang reiseveg. Kommunane Askøy, Osterøy, Bjørnafjorden, Alver, Øygarden og Bergen får ikkje dekt overnatting. Vi dekker også overnatting frå dagen før samlinga startar for kommunar med særleg lang reiseveg . Meld frå om behov i påmeldingsskjemaet. Vi bestiller og bookar overnatting for dei som får dette dekka.
Vi dekker ikkje reiseutgifter.
Middag
Vi inviterer til felles middag 1. oktober på hotellet. Tidspunkt er ikkje avklart enno. Meld frå om du ynskjer å delta på middagen i påmeldingsskjemaet. Det er ikkje deltakaravgift for middagen.
Utendørsterapi
KORUS Bergen inviterer til ein smakebit på Utendørsterapi på Fløyen, før vi har felles middag. Utendørsterapi handlar om å ta med pasientar eller brukarar ut i naturen og er aktuelt både i folkehelsearbeidet, førebygging, behandling og oppfølging. Det er avgrensa med plass og vi ber difor om at du kryssar av i påmeldingsskjemaet om du ynskjer å delta.
Avmelding
Det er bindande påmelding. Avmeldingsfrist er den same som påmeldingsfristen. Om du treng å melde deg av, så gje beskjed til Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar».
Ved å melde deg på denne konferansen, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med konferansehotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 1. oktober 2025 09:30 - 2. oktober 2025 15:30
- Stad:
- Bergen, Thon Hotel Rosenkrantz
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommunalsjefar, tenesteleiarar og fagleiarar innanfor psykisk helse og rus i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 20. august 2025 23:59