Konferanse om utvikling av dei sosiale tenestene i Nav
- Dato:
- 19. november 2025 11:30 - 20. november 2025 15:00
- Stad:
- Radisson Blu, Gardermoen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvalteren i Agder og Statsforvalteren i Innlandet i samabeid med Nav Vestland, Nav Rogaland og Nav Innlandet
- Målgruppe:
- Prosjekta som får tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret.
- Påmeldingsfrist:
- 15. oktober 2025 12:00
Erfaringskonferanse for prosjekta som får tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret.
Vi ventar og anbefalar at alle Nav-kontor som får tilskotsmidlar deltek på denne samlinga for å dele erfaringar og lære av andre prosjekt.
Tema for samlinga er tverrfagleg samarbeid og implementering – frå prosjekt til drift.
Vi legg til rette for foredrag og læringsverkstadar og set av tid til erfaringsutveksling. Program og informasjon om dei ulike læringsverkstadane kjem på denne sida når det er klart.
Utgifter ved deltaking
Vi dekker utgifta med dagpakkar. Det betyr at prosjektet sjølv må dekke reiseutgifter, overnatting og middag.
Overnatting frå 19. til 20. november kjem på 1595 kroner og middag kostar 745 kroner. Vi sender faktura.
Viss du ønskjer å ordne med overnatting ein annan plass sjølv og ikkje deltek på felles middag er det sjølvsagt i orden. Dersom du treng overnatte meir enn ei natt ber vi om at du tek kontakt med hotellet direkte.
Påmelding
Du melder deg på via dette skjema innan klokka 12.00 den 15. oktober : Påmeldingskjema til erfaringskonferanse for prosjekta som får tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav
- Dato:
- 19. november 2025 11:30 - 20. november 2025 15:00
- Stad:
- Radisson Blu, Gardermoen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltaren i Rogaland, Statsforvalteren i Agder og Statsforvalteren i Innlandet i samabeid med Nav Vestland, Nav Rogaland og Nav Innlandet
- Målgruppe:
- Prosjekta som får tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret.
- Påmeldingsfrist:
- 15. oktober 2025 12:00