Saman for gode bustader, bumiljø og livskvalitet
- Dato:
- 11. november 2025 10:00 - 12. november 2025 15:00
- Stad:
- Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
- Arrangør:
- Husbanken og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med regional koordineringsgruppe for Bu trygt heime-reforma: KS, fylkeseldrerådet, Vestland fylkeskommune og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester
- Målgruppe:
- dei som jobbar med samfunnsutvikling, planlegging, bustad og tenester – både i offentleg og privat sektor
- Påmeldingsfrist:
- 14. oktober 2025 00:00
Korleis kan vi samarbeide betre om utviklinga av bustader og bumiljø som fremjar god livskvalitet for eldre?
Publisert 26.06.2025
Husbanken og Statsforvaltaren i samarbeid med regional koordineringsgruppe for Bu trygt heime-satsinga inviterer til ein konferanse der vi set søkjelys på korleis bustad, omgjevnader og helse heng saman, og korleis vi saman kan skape gode løysingar for eldre.
På konferansen får du
- innsikt i korleis bustad og bumiljø påverkar helse og livskvalitet
- inspirasjon til lokalt samarbeid, strategisk bustadplanlegging og betre bruk av lokale ressursar
- styrkt kompetanse i bustadrådgiving
- kjennskap til relevante verktøy og verkemiddel
Du møter mellom anna
- Tobba Sudmann, professor ved Høgskulen på Vestlandet
- Gro Sandkjær Hansen, forskar 1 ved OsloMet
- Geir Sverre Braut, nestleiar i Folkehelseforeningen
- Eduardo Hans "Doddo" Andersen, musikar, forfattar og lokalpolitikar
- Distriktssenteret, fylkesendrerådet, med fleire
I tillegg får du møte engasjerte fagpersonar frå forsking, planlegging, bustadutvikling, folkehelse og lokalsamfunnsutvikling – og høyre stemmer frå innbyggjarane sjølv. Detaljert program kjem seinare.
Les meir og meld deg på via nettstaden til Husbanken: Bergen/Sandsli: Saman for gode bustader, bumiljø og livskvalitet - Husbanken
- Dato:
- 11. november 2025 10:00 - 12. november 2025 15:00
- Stad:
- Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli
- Arrangør:
- Husbanken og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med regional koordineringsgruppe for Bu trygt heime-reforma: KS, fylkeseldrerådet, Vestland fylkeskommune og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester
- Målgruppe:
- dei som jobbar med samfunnsutvikling, planlegging, bustad og tenester – både i offentleg og privat sektor
- Påmeldingsfrist:
- 14. oktober 2025 00:00
Kontaktpersonar
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72