Samarbeid for helsefremmande oppvekst
- Dato:
 - 26. november 2025 09:00 - 12:15
 - Stad:
 - Teams
 - Arrangør:
 - Statsforvaltaren i Vestland
 - Målgruppe:
 - alle som møter barn og unge i arbeidskvardagen sin eller jobbar med samfunnsplanlegging
 - Påmeldingsfrist:
 - 24. november 2025 23:59
 
Vi inviterer til digital samling der målet er å inspirere til skape meir helsefremmande samfunn og heilskaplege tenester til barn, unge og familiane deira.
Publisert 19.06.2025, Oppdatert 28.10.2025
                    
                Samlinga er aktuell for dei som møter barn og unge i arbeidskvardagen sin og dei som jobbar med samfunnsutvikling.
På samlinga får du høyre meir om:
- Omnimodellen og korleis byggje fellesskap saman, frå Jon Halvdan Lenning, som er mobbeombod i Troms. Omnimodellen i praksis og Fauske kommune sitt arbeid med å skape trygge og gode oppvekstmiljø, ved Elisabeth Maarnes som er prosjektleiar i Fauske kommune
 - Samarbeid for leik, kulturliv og fritidsaktivitetar for alle barn, og Voss herad si fritidserklæring
 - Konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne i kommunane
 
Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.
Ved å melde deg på samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
 - 26. november 2025 09:00 - 12:15
 - Stad:
 - Teams
 - Arrangør:
 - Statsforvaltaren i Vestland
 - Målgruppe:
 - alle som møter barn og unge i arbeidskvardagen sin eller jobbar med samfunnsplanlegging
 - Påmeldingsfrist:
 - 24. november 2025 23:59
 
Kontaktpersonar
- 
            Linda Kråkenes
                
Tlf: 55 57 21 75 - 
            Cecilie Jantzen
                
Tlf: 55 57 22 39