Tredje samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge
- Dato:
- 21. oktober 2026 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og RVTS Vest i samarbeid med styrings- og ressursgruppa
- Målgruppe:
- Alle tilsette i kommunar i Vestland med interesse for temaet
Tema for samlinga vert førebygging av vald og overgrep mot dei yngste barna og relevante tiltak i småbarnsfamiliar når vald og overgrep er avdekka.
Hald av datoen, meir informasjon og høve for påmelding kjem seinare.
Om nettverket
Nettverket vart etablert i 2023 og målet er å skape møteplassar som styrkjer arbeidet. Nettverket er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland, Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Vest (RVTS Vest), Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Kompetansesenter for rusfeltet Bergen (KORUS Bergen). Kommunar i Vestland er representert i styringsgruppa, og i ressursgruppa deltar fleire instansar og fagmiljø.
Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke arbeidet sitt med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, som utøver eller vert utsett for vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.
Vi vil tilby kommunane støtte i arbeidet
Nettverket ønskjer å bidra til meir systematikk og langsiktig arbeid i implementering, opplæring og vedlikehald av nødvendig kompetanse for å førebygge og gi rett hjelp. Vi ønskjer å lage eit nettverk for å gi støtte til meir systematisk arbeid, fagleg påfyll og moglegheit for erfaringsutveksling på tvers av kommunar. Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å understøtte kommunane i arbeidet.
- Dato:
- 21. oktober 2026 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og RVTS Vest i samarbeid med styrings- og ressursgruppa
- Målgruppe:
- Alle tilsette i kommunar i Vestland med interesse for temaet