Kan hunden springe laus no?

Sauer i fjellet som blir sanka med hund
Mange kommunar har utvida bandtvang, særleg der dyr går på beite. Hunden skal vere i band, med mindre han er i jobb (til dømes gjetarhund). Foto: Mary Ueland/SFVL.

20. august var siste dag med ordinær bandtvang, og dette er ein dato mange hundeeigarar ser fram til. Betyr det at hunden no kan gå fritt på tur?

Publisert 27.08.2024

Av ulike årsaker, blant anna beitedyr i utmark, har mange kommunar utvida bandtvang i visse område. Sjekk kommunen sine heimesider eller lovdata.no om det er eigne reglar i turområdet.

Vi går inn i innspurten av beitesesongen, og dei neste vekene er det mange dyr som skal heim frå fjellet. Vis omsyn og hald avstand til dyreflokkar på veg ned frå fjellet. Ta gjerne kontakt med dyreeigar dersom du ser noko spesielt på tur. Det kan vere sjuke, skada eller daude dyr, eller noko anna. Om du ikkje finn kontaktinfo til eigar, kan du kontakte andre i området, eller landbrukskontoret i kommunen. Vi vil også minne om anna informasjon i denne artikkelen: Skal du på hausttur i fjellet?

God haust, og god tur!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.