Organisert beitebruk i Vestland 2025
Årsmeldingane frå 205 beitelag gir eit godt bilete av beitesesongen 2025 i Vestland.
Inntrykket er at mange har hatt ein grei og til dels svært god sesong, men med store lokale skilnader både i beitekvalitet og tap. Mange lag peikar på at samarbeidet i laga fungerer godt, og at dugnadsinnsatsen framleis er ein berande bjelke i drifta.
Tapsprosenten for lam i Vestland var 5,6 prosent i 2025, som er ein liten auke frå 5,3 prosent i 2024. Dei beste laga har tap ned mot 2 prosent, medan lag med jerv og gaupe har opp til 35 prosent lammetap. For storfe var tapet 0,76 prosent og for geit 2,3 prosent.
Fleire beitelag fortel om ein tidleg vår med lite snø i fjellet og tidleg beiteslepp. Det gav ein god start for mange, med rikeleg gras og gode lammevekter. Samstundes melder fleire lag om tørre periodar utover sommaren, der beitet vart magert og dyra måtte flyttast oftare enn vanleg. Nokre stader vart det rapportert om sein snøsmelting og vanskeleg å kome seg fram i høgda, slik at dyra heldt seg meir nede i terrenget enn dei brukar.
Når det gjeld tap, er biletet samansett. Mange lag skriv at dei har hatt normale eller låge tap, medan nokre område har opplevd ein tyngre sesong med større tap enn vanleg. Ørn og rev vert oftast nemnde som moglege skadegjerarar. I Stryn og Luster er det òg rapportert om jerv, og i Årdal om gaupe. Det kjem fram frustrasjon over krevjande terreng og at dokumentasjon av tap og hendingar i felt nokre gonger kjem seint, slik at ein ikkje alltid får klare svar på kva som faktisk har skjedd med dyra.
Mange lag melder om aukande bruk av elektronisk sporing, GPS-bjøller og andre hjelpemiddel i tilsyn og sanking. Dette vert opplevd som eit viktig verktøy i store og uoversiktlege område, og gjer det lettare å finne dyr og følgje med på kvar dei oppheld seg. Samstundes vert det framleis lagt ned mykje manuelt arbeid med fjelltilsyn, gjerdehald og rydding av gamle gjerder.
Det vert også nemnt i fleire årsmeldingar at det er aukande ferdsel i utmarka, fleire hytter og meir turfolk. I sum gir dette meir kontakt mellom beitedyr og folk, og fleire lag melder om problem med lause hundar. Mange uttrykkjer behov for betre informasjon og skilting, men også at dialogen med både grunneigarar, turlag og kommunar fungerer stadig betre der ein har kome i gang.