Inn på tunet-løft i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har fått tildelt eitt av fire utvalde pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå meir synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2020

Pilotprosjektet i Vestland er innanfor tenesteområdet psykiatri, rus og arbeidstrening. Prosjektet har knytt til seg Bømlo kommune og Stad kommune som pilotkommunar, og skal samarbeida tett med dei i prosjektet.

I ein prosjektperiode på to år skal vi kartlegge kva utfordringar kommunane møter ved kjøp av Inn på tunet-tenester og kva kompetanse som trengst. Vi skal også gjere ei vurdering av kostnader og kvalitet ved bruk av Inn på tunet-tenester, dra nytte av tidlegare erfaringar, finne løysingar og prøve ut tiltak i kommunane.

«Inn på tunet er et tilbud som vi ønsker at enda flere skal få glede av. Målet med Inn på tunet er å bidra positivt til helse, utvikling og trivsel for den enkelte bruker. Å sørge for at kvaliteten på tjenestene er på topp, krever at vi utvikler og forbedrer dem hele tiden. Nettopp det skal disse 4 nye pilotprosjektene bidra til»

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad. (regjeringen.no)

God arena for læring, meistring og arbeidstrening

Inn på tunet-gardane tilbyr bruk av garden sine unike ressursar gjennom å yte velferdstenester i samarbeid med kommunar og andre.

Det er rundt 400 Inn på tunet gardar i Norge i dag. 46 av desse er i Vestland. Gardane gjev tilbod innan oppvekst og opplæring, psykisk helse, rus og arbeidstrening, barnevern, helse og omsorg.

Inn på tunet-aktivitetane tek utgangspunkt i garden og bonden sine ressursar og kan mellom anna dreie seg om stell av dyr og planter, matlaging basert på garden sine ressursar, drift av skogen og kulturlandskapet og vedlikehald av maskiner og bygningsmasse.

Inn på tunet-løftet 2

Inn på tunet-løftet 2 vart avtalefesta i Jordbruksavtalen for 2019, og skal bidra til å utvikle marknaden og utnytte næringspotensialet i større grad, slik at landbruket vert tatt i bruk som arena for lærings og meistringsaktivitetar i kommunane.

Dei andre pilotprosjekta er:

  • Nordland – Pilotprosjekt innanfor tenesteområdet skule og pedagogiske tilbod, for grunnskule. (Fylkesmannen i Nordland og Nordland fylkeskommune)
  • Møre og Romsdal - Pilotprosjekt innanfor tenesteområdet skule og pedagogiske tilbod, for vidaregåande skule. (Fylkesmannen i Møre og Romsdal)
  • Oslo og Viken - Pilotprosjekt innanfor tenesteområdet demensomsorg. (Fylkesmannen i Oslo og Viken)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar