Å brette opp erma og produsere kvalitetsmat

Å eige gard er stas igjen. Nytenkinga hos den nye gards-generasjonen blømer og salskanalar for produkta er mangfaldige. Men landbruket treng fleire hender.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2020

Klikk på bildet for å sjå filmen

Klikk på bildet for å sjå filmen. 

Forbrukarane ønskjer meir norsk og kortreist mat og drikke. Vi vil ha kulturlandskapet i drift, produktiv og velstelt skog, dyr på beite og lys på gardane.

Under den årlege stormønstringa av matprodusentar, aktørar innan mat, drikke og reiseliv, Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020, arrangerte Landbruks- og matdepartementet regiondag. Temaet denne gongen var rekruttering til matfaga og generasjonsskifte på gard, med ulike problemstillingar og gode døme. Departementet har også sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med dette.

Fylkesmennene i region Fjord-Norge følgde opp dette temaet med ein eigen temadag. Representantar frå produsentane, offentleg forvaltning og opplæringsorganisasjonar i vår region diskuterte konkrete oppgåver og løysingar. Denne filmen kan sjåast som ei slags oppsumering, men først og fremst er den tenkt som motivasjon til det vidare arbeidet. Landbruket treng fleire hender - vi må brette opp erma og produsere kvalitetsmat.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar