Lansering av rettleiarar for etablering av hjorteoppdrett og vilthandsamingsanlegg

Hjorteslakt, vilthandsamingsanlegg
Vilthandsamingsanlegg Foto: Jon Anders Stavang, SNH.

I dag lanserer hjorteklynga to rettleiarar, til hjelp for deg som ønskjer å etablere hjorteoppdrett eller etablere vilthandsamingsanlegg. Dette er eit praktisk verktøy til korleis du kan gå fram, og kva du må tenkje på.

Publisert 30.06.2025

Hjorteklynga i Vestland består av elleve næringsaktørar, som leverer hjortekjøt til marknaden. Fire kommunar, som er rike på villhjort, engasjerer seg innan forvaltninga av hjorten. Saman utviklar aktørane hjortekjøt som næringsveg.

Mål for satsinga

Det er for lite hjortekjøt på norske bord. Eit viktig mål for satsinga er å få meir kjøt ut i marknaden. Dette vert gjort i samarbeid med jegerar og grunneigarar, og gjennom å gjera vegen frå jeger til  vilthandsamingsanlegg og detaljist  enklast mogleg. Kvalitetssikring, utvikling av lønsemd og verdiskaping står sentralt i satsinga. Verksemdene i klynga er ulike. Nokre er vilthandsamingsanlegg, som tek imot kjøt frå jegerar og grunneigarar. Andre driv med oppdrett av hjort, og kombinerer dette med turisme. 

Her kan du lese meir om hjorteklynga

Praktiske rettleiarar

Du må ta ulike val undervegs, og rettleiarane er meint å vere eit verktøy i prosessen.

Offentlege instansar har ulike oppgåver, frå hjorten blir skoten i skogen til kjøtet blir servert på bordet. Rettleiarane gjev råd om samarbeid med desse, og om korleis du kan ta gode val i start og drift av anlegg og hjorteoppdrett. 

Rettleiar for vilthandsamingsanlegg peikar på følgande problemstillingar:

  • Marknad for levering av vilt
  • Mattilsynet og registreringsplikt
  • Design av anlegg
  • Kjøtskjerar-kompetanse
  • Sal av viltkjøt

Rettleiar for hjorteopprett gjev råd på følgande område:

  • Er garden eigna til hjorteoppdrett?
  • Korleis søkje om konsesjon for å drive oppdrett?
  • Livdyr – korleis byggje opp ein bestand?
  • Reglar for produksjonstilskot
  • Slakting og sal av kjøt

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.