Vossabia får bedriftsutviklingspris

Renate Lunde frå Vossabia ser ut gjennom vindauget
Renate Lunde overtok garden for 25 år sidan, og har utvikla Vossabia med stort pågangsmot Foto: Dirk Kohlmann/SFVL.

Renate Lunde og hud- og hårpleieprodusenten Vossabia får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 i Vestland fylke.

Publisert 08.10.2024

Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. I år går prisen til Vossabia, som held til på Bulken ved Voss. Verksemda har hatt stor vekst og har knytt til seg ei stor kundegruppe, med utgangspunkt i kreativ tenking og vekt på å sjå mogelegheiter i garden og naturen sine ressursar.

Eg håpar denne prisen bidreg til at endå fleire oppdagar Vossabia sin bodskap, og blir inspirerte til å sjå verdien i å kombinere garden sine ressursar med fokus på helse, berekraft og naturmangfald, seier Renate Lunde i Vossabia.

I tillegg til produksjon og sal av hud- og hårpleieprodukt har Renate og Vossabia foredrag, kurs og opplevingar på garden.

Vossabia brukar lokale og økologiske råvarer, som honning, bivoks og ville urter i produkta sine, og legg stor vekt på kvalitet og berekraft.

Les meir om prisen og prisvinnaren her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar