Webinar om tilskot til drift av beitelag
Fylkesmannen i Vestland inviterer kommunane til ein times webinar om RMP-ordninga tilskot til drift av beitelag tysdag 3. og torsdag 5. november kl 10-11. Det blir same program begge dagane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.09.2020
Vi går generelt gjennom ordninga, bakgrunn, krav, fristar og utbetaling. I tillegg går vi kort gjennom ordninga investeringsmidlar til tiltak i beiteområde.
Det blir også opna for spørsmål.
Webinaret vil bli halde i Teams og lenka til arrangementet blir sendt til dei påmeldte dagen før.
Påmeldingsfrist er fredag 30. oktober.