Planting av utanlandske treslag
Du treng løyve om du ynskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld også for planting til produksjon av juletre og pyntegrønt.
Utanlandske treslag er definert som artar, underartar, eller sortar av tre som ikkje har sitt noverande eller historiske utbreiingsområde i Noreg. Ei rekkje artar er brukt som prydtre i hagar og parkar, eller som produksjonstre i skogbruket. Typiske døme er sitkagran og lerk til skogproduksjon, og edelgran og fjelledelgran til juletreproduksjon.
Bakgrunnen for bruk av desse treslaga har vore ettertrakta eigenskapar, som stor vyrkesproduksjon, god tilpassing til våre klimatiske forhold, og estetiske verdiar. Utanlandske treslag har i mange område bidratt til auka skogproduksjon.
Dei fleste førekomstane av utanlandske treslag vart etablert i skogreisingsperioden frå 1950 til 1990. I dag er litt under 1 % av det produktive skogarealet i Noreg er dominert av utanlandske treslag.
I 2012 vart det innført søknadsplikt for utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål. Bakgrunnen for dette er at mange utanlandske treslag spreier seg og har blitt eit økologisk problem mange stader ved at dei fortrengjer stadeigne artar.
Søknadsplikt
Utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon og juletreproduksjon er regulert gjennom forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål. Grunneigar må søkje statsforvaltaren om løyve til utsetting. Både planting og såing reknast som utsetting.
Søknaden skal leverast på standard søknadsskjema i Elektronisk søknadssenter (sjå i høgremargen) og må leverast seinast to månader før plantinga er planlagt.
For juletre- og pyntegrøntproduksjon kan det søkast om fleirårige løyve.
Statsforvaltaren vurderer kvar enkelt sak opp mot eventuelle uheldige følgjer for naturmangfaldet. Ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for vurderingane er Artsdatabanken si risikovurdering av dei økologiske eigenskapane til artane.
Planting på jordbruksareal (fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite) krev løyve frå kommunen (omdisponering til skogareal jamfør jordlova).
Bruk av utanlandske treslag i hagar og parkanlegg og andre dyrka område er regulert gjennom forskrift om framande organismar. Søknad skal sendast til Miljødirektoratet.
Kontaktpersonar
-
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 -
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15