Hjort, skog og gras
Hjortebestanden er høg og korleis kan landbruksnæringa tole den store belastninga med beiting? Det vert fagdag 19. juni i Ålfoten om utfordringar i skogforynging og grasproduksjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Vestland, Bremanger kommune, Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Vestskog inviterer til fagdag i Ålfoten i Bremanger onsdag 19. juni kl. 10.30. Tema er hjorteskader på skog/gras og kvalitet på skogplanter.
Stort beitetrykk frå hjort på skog, billegnag og nye plantetypar er ei velkjend og aukande utfordring. Skogeigarar gir opp å plante oppatt etter avverking nettopp fordi hjorteskader er øydeleggjande. I tillegg gir snutebilleskader på nyplantingar ekstra utfordringar. Hjorten beiter også grådig på grasvoksteren på innmarka.
Program
10.30: Frammøte: Ålfoten (merka frå riksvegen 20 min aust frå Svelgen)
- Forvalting av jaktbart vilt og skogskader: Status på landsbasis ved Espen Stokke, LMD
- Vestlandsbonden har ikkje råd å for å betale for dagens hjortebestand ved Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
- Forvaltning av hjortebestanden i Bremanger kommune ved Bjørn Henry Martinussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune
- Verdivurdering av hjorteskader på skog og innmark ved Samson Øpstad, Nibio Fureneset
13.00 – 13.45: Matykt
13-45 – 14.30: Diskusjon
14.30 – 16.30: Forflytting til plantefelt
- Kort historikk i feltet ved Bjørn Henry Martinussen
- Erfaringar og utfordringar i plantelogistikken i praksis ved Vidar Jørdre, Vestskog
- Tiltak mot snutebiller: Voksbehandling - ein «kvikk fiks»? Ved Merete Larsmon, fylkesmannen i Vestland
- Kort diskusjon og oppsummering av dagen ved Halvor Brosvik, Vestskog
Av omsyn til matykta ber vi om påmelding innan 17. juni til Merete Larsmon, tlf. 97140060 eller e-post fmsfmla@fylkesmannen.no.