Samling for skogansvarlege i sommarlege Hardanger

Skogsamlinga 2024 - utedagen på Utne
Skogsamlinga 2024 - utedagen på Utne Foto: Dirk Kohlmann / StFV.

Skogen sine kvinner og menn frå kommunar, nærings- og naturvernorganisasjonar, forsking og statleg forvaltning samla seg til fagleg oppdatering og utveksling. Når sola skin og fruktblomstringa set ramma, blir diskusjonane gode og fruktbare.

Publisert 22.05.2024

Programmet blei delt i ein konferanse- og ein praktisk skogdag. Vi har lova og dele foredraga frå dag 1 med dykk.  

Christian Rekkedal 

Korleis forvaltar vi dei produktive skogareala berekraftig, og kva omsyn er viktige å hugse på? 

Eva Skagestad 

PEFC, MiS, vernskog, naturavtalen, arealnøytralitet og økosystemtenester krev meir kunnskap i forvaltninga. Korleis oppnå det? 

Kjetil Bjørklund 

Kommunane har ansvar for arealdisponering. Kva er dei viktigaste prioriteringane for kommunane i Vestland fylke? 

Baro Moslet 

Rammene og regelverket for skogbruket er i endring. Kva konsekvensar vil dette få for skogforvaltninga i kommunen? 

Torkel Hofseth 

Korleis planlegge veg i taubaneterreng? Nye retningslinjer for taubanetilskot. 

Gro Kampp Hansen 

For tidleg hogst og forynging. Korleis kan vi endre ei uheldig utvikling? 

Baro Moslet 

Korleis bør kommunen reagere på meldingar om moglege lovbrot, som skog hogd utan MIS eller forureining av elva? 

Ivar Ekanger 

Korleis er den økologiske tilstanden i våre skogar og kva slags konsekvensar har den for den kommunale forvaltninga? 

Baro Moslet 

Vernskog - status for arbeidet med vernskogforskrift og kommande oppgåver for forvaltninga. 

Vidar Vassenden 

Korleis bør kommunen følgje opp ulovlege landbruksvegar, og når er det krav til reguleringsplan? 

 Takk for ei fin samling til alle deltakarane og føredragshaldarane!

Hardanger mai 2024 mindre.jpg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar