Kan ein få støtte til virtuelle gjerde?

Utprøving av Nofence til geit i Vik i Sogn
Utprøving av Nofence til geit i Vik i Sogn Foto: Jo Risløv.

Mange kommunar får spørsmål om det er mogeleg å få tilskot til virtuelle gjerde via spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller tilskot til tiltak i beiteområde. Her er vår vurdering knytt til desse spørsmåla.

 

Publisert 11.05.2021, Sist endra 17.03.2026

Begge ordningane vert forvalta av kommunen. Det er kommunen som har ansvar for ordningane og gjer sine prioriteringar ut frå lokale retningslinjer.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Føremålet med tilskotet er å fremje spesielt verdifulle natur- og kulturminneverdiar i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaket skal gå utover det som er forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Dersom tiltaket er lovpålagt eller ein del av den vanlege drifta, kjem det ikkje inn under SMIL-ordninga.

Ordninga skal behandlast etter forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. I kommentarar til regelverket vert det slått fast at det normalt ikkje skal gis tilskot til innkjøp av maskiner eller anna laust teknisk utstyr. Vi forstår denne formuleringa som at det skal vere særskilde grunnar til at kommunen skal kunne løyve tilskot til virtuelle gjerde.

Døme på særskilde grunnar kan vere at føremålet med tiltaket er å sette i stand eit areal med særleg store verdiar innan biologisk mangfald eller kulturminne, og at fysiske gjerde anten ikkje er ønskjeleg eller mogleg å få til.

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. For ordninga gjeld forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde og kommentarar til regleverket.

Tilskotet kan løyvast til faste installasjonar eller anna utstyr knytt til beitebruk i utmark, og virtuelle /elektroniske gjerde nemnd som døme på tiltak.

Vi forstår dette som at kommunen kan gje tilskot dersom gjerdet skal brukast i utmark. Dei fleste kommunane Vestland får fleire søknadar enn det er midlar til. Det er opp til kommunen om dei prioriterer søknadar til virtuelle gjerde. Dette må sjåast i samanheng med målet om at flest mogleg tek i bruk elektronisk sporing av dyra på utmarksbeite, og at elektronisk sporing då har høgare prioritet enn elektronisk gjerde.

 

Om elektroniske gjerde

Nofence og Monil er virtuelle gjerde der dyra held seg innanfor eit område ved hjelp av lyd- og elektriske signal. Ei kartløysing på telefon eller pc vert nytta til å markere grensene der dyra skal gå.

Ei føremon med virtuelle gjerde er at ein ikkje treng å setje opp og vedlikehalde fysiske gjerde, noko som tek mykje tid og som kan vere krevjande å få til. Det er også enkelt å flytte dyr frå område til område.

I 2019 aksepterte Mattilsynet at Nofence kan nyttast til storfe og sau etter testing ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet og fleire pilotbrukarar. For geit var bruken godkjent i 2017.

Ved bruk av virtuelle gjerde vil dyra få elektrisk støyt dersom dei bevegar seg utanfor området dei skal gå i. Straum er ubehageleg for dyr, slik som for oss menneske. Det er difor svært viktig at brukarrettleiinga frå produsenten vert følgt, og at dyra får nødvendig tilsyn, slik at dyreeigar kan oppdage og hindre uønska hendingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.