Skal du spreie husdyrgjødsel i år?
Pass på å gjødsle på rett måte no, for å kunne søke om RMP-tilskot til hausten.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er gode tilskotsordningar for gjødselhandtering i regionalt miljøprogram. Nokre ordningar gjeld heile fylket slik som stripespreiar og slepeslange. Andre gjeld for prioriterte vassdrag. Lenker til desse finn du i høgre marg.
I 2023 vart det gjort fleire endringar knytt til nytt regionalt miljøprogram for perioden 2023-2026. I år vil dei største endringane vere knytt til ordninga Kantsone i eng. Vi har utvida ordninga, og tatt med nye vassdrag i tillegg til alle dei som var med i 2023. Så det kan vere aktuelt å søke i år, sjølv om du ikkje kunne søke i fjor!
Tabellen syner dei nye vassdraga i 2024 som vi tek utgangspunktet i når vi lager dei prioriterte områda, desse kjem i tillegg til dei som var prioriterte område i fjor.
| VassførekomstID | Namn på vassførekomst | Elv/innsjø | Kommune |
| 039-193-R | Viksefjorden - Smørsund bekkefelt | Elv | Sveio |
| 041-1476-L | Vigdarvatnet | Innsjø | Sveio |
| 052-239-R | Granvinvassdraget bekkefelt | Elv | Voss |
| 052-266-R | Vikelva nedstrøms inntak Skålheim kraftverk | Elv | Kvam |
| 054-8-R | Tysnesøya bekkefelt | Elv | Tysnes |
| 060-69-R | Osterfjorden bekker ved Lonevågen | Elv | Osterøy |
| 062-282-R | Dyrvo bekkefelt | Elv | Voss |
| 077-88-R | Sogndalselvi bekkefelt | Elv | Sogndal |
| 080-184-R | Elv fra Mølmesdalstjørna | Elv | Høyanger |
| 080-50-R | Alvedalsvassdraget | Elv | Høyanger |
| 080-84-R | Årbergselva, Ykslandselva | Elv | Sunnfjord |