Miljø og klima

Oppdatert 15.11.2024

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

16.03.2026

Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Vi ber alle turgåarar og andre som ferdast i påskefjellet, om å ta omsyn til villreinen og ikkje uroa dyra.


12.03.2026

Vi startar utviding av Austefjorden og Blånuten naturreservat i Kvinnherad kommune

I dialog med grunneigarane og Framtre melder vi oppstart av verneprossess for å ta vare på nasjonalt viktig skog sør for dagens naturreservat. Du er velkomen til å sende innspel innan 16. april.    


06.03.2026

Vi startar arbeid med frivillig skogvern i Husedalen i Ullensvang

I dialog med grunneigarane, Framtre og Norskog melder vi start av verneprossess for nasjonalt viktig skog i Husedalen. Du er velkomen til å sende innspel innan 12. april.


05.03.2026

Webinar om fysiske tiltak i vassdrag

Statsforvaltaren, Vestland fylkeskommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ønskjer velkomen til webinar om fysiske tiltak i vassdrag. 


03.03.2026

Vi melder oppstart av verneprosess på Teraåsen i Aurland kommune

Etter dialog med grunneigarane melder vi oppstart av skogvernprosess på Teraåsen i Aurland kommune. Du er velkommen til å sende innspel innan 6. april 2026.


27.02.2026

Forskrift om utvida jakttid på grågås i Kvinnherad kommune

Statsforvaltaren i Vestland foreslår utvida jakttid for grågås og utvida periode for eggsanking i Kvinnherad kommune. Jakttida blir foreslått framskunda med 20 dagar, dvs. frå og med den 21. juli og fram til ordinær jaktstart den 10. august. 


27.02.2026

Andre årsrapport frå overvakingsprogrammet i Hardangerfjorden er klar

Ferske målingar frå 2025 viser at Hardangerfjorden generelt er i god miljømessig stand, men det er store lokale forskjellar – spesielt når det kjem til oksygen i djupet.


27.02.2026

Søknad om løyve etter forureiningslova for veiprosjektet Fv. 609 Heilevang – Hestvika i Askvoll kommune

Hærhe Entreprenør AS søkjer, på vegner av Vestland fylkeskommune, om løyve etter forureiningslova i samband med vegprosjektet Fv. 609 Heilevang–Hestvika. Føremålet med prosjektet er å etablere ein 2,5 km lang tunnel mellom Heilevang i Sunnfjord kommune og Hestvika i Askvoll kommune. 


26.02.2026

Oppsummerande rapport etter tre år med overvaking i Måløyområdet: god vasskvalitet, men Skavøypollen slit

Etter tre år med omfattande undersøkingar av sjøområda rundt Måløy ligg hovudtrekka no føre. Sjølve vassmassane er i hovudsak reine og friske, men i Skavøypollen sørgjer blant anna dårleg vassutskifting for kritiske forhold på botnen.


26.02.2026

Webinar om miljøtilstanden i sjøområda rundt Måløy 2023–2025

Velkomen til presentasjon av hovudfunna frå tre år med omfattande miljøovervaking i sjøområda rundt Måløy.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel