Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyhende om miljø og klima
28.04.2026Vaksinering av almetre i Indre Sogn
Almesjuke har tatt livet av almetre i Europa i stort omfang. No har sjukdomen kome til Sogn, og utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet. Har du eit almetre som fortener å bli vaksinert?
17.04.2026
Forslaget om marint vern av Sognefjorden er no på høyring
Statsforvaltaren i Vestland inviterer alle interesserte til å seie si meining om forslaget til Sognefjorden marine verneområde. Målet er å sikre verdas djupaste fjord med unik undersjøisk natur for framtida, samstundes som vi legg til rette for berekraftig bruk. Høyringsfristen er 1. november 2026.
13.04.2026
Høyring søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid - utbetring Vigdal ventilkammer - Jostedal kraftverk i Luster kommune for Statkraft Energi
Statkraft Energi AS skal utbetra Vigdal ventilkammerr Jostedal kraftverk då det er underdimensjonert. Høyringsfrist er 12. mai 2026.
27.03.2026
Forvaltningsplanen for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er klar
Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Alver og Austrheim kommunar vart verna i juni 2020 som fylkets første marine verneområde. Dei siste åra har vi jobba med å lage forvaltningsplan for området, og no er den klar til bruk.
16.03.2026
Ta omsyn til villreinen i påskefjellet
Vi ber alle turgåarar og andre som ferdast i påskefjellet, om å ta omsyn til villreinen og ikkje uroa dyra.
12.03.2026
Vi startar utviding av Austefjorden og Blånuten naturreservat i Kvinnherad kommune
I dialog med grunneigarane og Framtre melder vi oppstart av verneprossess for å ta vare på nasjonalt viktig skog sør for dagens naturreservat. Du er velkomen til å sende innspel innan 16. april.
06.03.2026
Vi startar arbeid med frivillig skogvern i Husedalen i Ullensvang
I dialog med grunneigarane, Framtre og Norskog melder vi start av verneprossess for nasjonalt viktig skog i Husedalen. Du er velkomen til å sende innspel innan 12. april.
05.03.2026
Webinar om fysiske tiltak i vassdrag
Statsforvaltaren, Vestland fylkeskommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ønskjer velkomen til webinar om fysiske tiltak i vassdrag.
03.03.2026
Vi melder oppstart av verneprosess på Teraåsen i Aurland kommune
Etter dialog med grunneigarane melder vi oppstart av skogvernprosess på Teraåsen i Aurland kommune. Du er velkommen til å sende innspel innan 6. april 2026.
27.02.2026
Forskrift om utvida jakttid på grågås i Kvinnherad kommune
Statsforvaltaren i Vestland foreslår utvida jakttid for grågås og utvida periode for eggsanking i Kvinnherad kommune. Jakttida blir foreslått framskunda med 20 dagar, dvs. frå og med den 21. juli og fram til ordinær jaktstart den 10. august.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel
Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13