Når skal du bli heime på grunn av sjukdom?
Pandemien er ikkje over, tvert om er det aukande smitte og lokale utbrot. Det er særleg viktig at du held deg heime når du får dei første teikna på akutt luftvegsinfeksjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Befolkningsundersøkinga som Helsedirektoratet gjorde siste veka i oktober syner dessverre at 4 av 10 ikkje held seg heime når dei er sjuke.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet oppmodar til at vi held smittevernråda, slik at vi får ned smittetala. Dei viktige oppmodingane er framleis:
- Hald deg heime når du er sjuk!
- Test deg når du har symptom!
Folkehelseinstituttet har laga plakaten som tydeleg fortel når du skal halde deg heime. Informasjonsplakaten fortel kva du skal gjere allereie når du får vage symptom som hovudverk og tett nase – eller meir tydelege symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand.