Vi deltek på Arendalsuka

Fylkesberedskap Haavard Stensvand representerer Statsforvaltaren i Vestland på Arendalsuka i år, i debattar om totalberedskap og klimarisiko. Arrangementa vert strøyma. 

Publisert 11.08.2025

Preppa eller deppa? Er totalberedskapen god nok?

Trugsel-, risiko- og sårbarhetsbiletet i Noreg er annleis enn for berre få år sidan. Kva utfordringar haster det mest å løyse? Dette er nokre av spørsmåla som blir løfta i debatten "Preppa eller deppa? Er totalberedskapen god nok?" onsdag 13. august kl. 18.00 til 19.30. Desse deltak i debatten, som er arrangert av Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS): 

YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud, forsvarssjef Eirik Kristoffersen, fylkesberedskapssjef hjå Statsforvalteren i Vestland Haavard Stensvand, politidirektør Håkon Skulstad, og Geir Holmgren, administrerande direktør i Gjensidige. Moderator: Line Andersen.

Du kan følgje arrangementet digitalt.

Klimarisiko, handel og sikkerheit: når fleire kriser skjer samstundes

Torsdag 14. august deltek fylkesberedskapssjefen i debatten "Klimarisiko, handel og sikkerheit: når fleire kriser skjer samstundes", arrangert av Vestlandsforsking, mellom andre. Arrangøren skriv: 

Når verdssituasjonen er utstabil og oppslutninga rundt ein ambisiøs klimapolitikk går ned, kan det fort oppstå situasjonar der kriser knytt til sikkerheit og klima skjer samtidig og forsterkar kvarandre. Debatten vi inviterer til, tek opp samanhengen mellom arbeidet for å styrke totalberedskapen og redusere grenseoverskridande klimarisiko, dvs. problem som blir utløyste av klimaendringar i eitt land og får konsekvensar i andre land, for mange ein «ny» type klimarisiko. 

Brigt Dale (Nordlandsforskning) og Marta K. Jansen (Vestlandsforsking) vil innleie om samanhengar mellom global sikkerheit, grenseoverskridande klimarisikoar og utmarksbasert husdyrproduksjon.

Deretter vil Haavard Stensvand (Statsforvaltaren i Vestland), Grete Hovelsrud (Nordlandsforskning), Truls Gulowsen (Noregs naturvernforbund) og Martin Aarnæs (NATO Climate Change and Security Centre of Excellence) diskutere samanhengar mellom totalberedskap og grenseoverskridande klimarisiko, og korleis vi kan handtere desse utfordringane under eitt.

Følg arrangementet digitalt (youtube.no).  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.