Statsforvaltar Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete er statsforvaltar i Vestland.
Om statsforvaltaren
Frå 1. september 2022 er Liv Signe Navarsete statsforvaltar i Vestland.
Navarsete har omfattande leiarerfaring frå organisasjonsliv, politikk og samfunnsliv. Frå 2005 til 2021 var ho stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. I to fireårsbolkar var ho statsråd (først samferdsleminister og deretter kommunal- og regionalminister). I perioden 2008–2014 var ho partileiar for Sp. Navarsete er utdanna innan økonomi, administrasjon og IKT.
Ved sidan av jobben som statsforvaltar har Liv Signe Navarsete følgjande verv:
- Styremedlem i Willy Brandt-stiftelsen.
- Styremedlem i Narvik Havn.