Motsegn

Motsegn er eit virkemiddel som kan nyttast dersom ein plan er i strid med nasjonale interesser, viktige regionale interesser eller andre vesentlege interesser. Ei motsegn skal grunngjevast ut frå nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer. Dette kan t.d vere stortingsmeldingar, rikspolitiske retningslinjer, regionale planar eller rundskriv.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Praksis i motsegnsaker i Vestland

Dersom kommunen planlegg i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser, kan Statsforvaltaren bruke motsegn. Dei fleste motsegnene her i fylket er knytt til arealbruk i konflikt med allmenne interesser i strandsona, langs vassdrag, i fjellområde og i konflikt med viktige naturtypar. Det er også nokre motsegner mot planar der omsyn til samfunnstryggleik og landbruk ikkje er godt nok ivareteke.

Statsforvaltaren har som utgangspunkt at vi gjennom god dialog med kommunen ønskjer å løyse motsegnene lokalt, helst før ei formell mekling. Motsegnene kan anten løysast ved at kommunen tilpassar planen til innvendingane våre, eller at vi i fellesskap kjem fram til gode kompromiss. Dersom det ikkje blir semje mellom kommunen og Statsforvaltaren, blir avgjerda i plansaka flytta frå kommunestyret til Kommunal- og moderniserings­departementet ved politisk leiing.

Rundskriv om motsegner

I eit eige rundskriv (H-2/14) har departementet gitt nærare føringar om bruken av motsegn. Rundskrivet supplerer T-2/13 - "Retningslinjer for insigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven". I rundskrivet er det streka under at det berre skal brukast motsegn når dette er nødvendig for å ivareta nasjonale og viktige regionale interesser. I brev datert 17.02.2014 er føringane i rundskrivet forsterka. Det er framheva som viktig at kommunane vert gjort kjende med interesser som kan gi grunnlag for motsegn så tidleg som mogleg i planprosessen. Målet er at flest mogleg plansaker med arealkonfliktar skal løysast på lokalt nivå og så tidleg som mogleg i planprosessen. Dette skal sikre raskare planprosessar, og dermed ei meir effektiv handsaming av kommunale planar.

Ordninga med motsegn skal sikre at nasjonale og viktige regionale interesser, og andre vesentlige interesser, blir ivaretekne i kommunale planar.

Rundskriv om motsegnpraksis innan miljøområdet

I rundskriv T-2/16 går det fram kva for interesser innafor miljøområdet som er av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Det er gitt føringar for korleis styresmakter med motsegnsrett skal vurdere om det er grunnlag for å fremje motsegn eller ikkje.Rundskrivet skal leggjast til grunn for miljøforvaltninga sin praksis når det gjeld bruk av motsegner i saker etter plan- og bygningslova, og vil samtidig klargjere kva for klima- og miljøomsyn staten meiner den kommunale arealplanlegginga skal ivareta.Klima- og miljødepartementet understrekar at styresmaktene med motsegnsrett på miljøområdet skal delta aktivt tidleg i planprosessen, med kunnskap og rettleiing om miljøverdiar. Dette vil gi kommunane eit godt grunnlag for å sikre viktige miljøinteresser i arealplanlegginga etter plan- og bygningslova. På denne måten kan også moglege konfliktar med viktige klima- og miljøinteresser fangast opp og løysast tidleg i planprosessen for å unngå bruk av motsegn.

Prioritering av kommuneplanarbeidet

Arealplanlegginga i kommunane er i stor grad styrt av politiske verdival. Det er viktig at lokalpolitikarane er involverte i planarbeidet frå starten av. Dei vil då ha eit best mogleg grunnlag for å vurdere og velje utviklingsstrategiar og konkret arealbruk som ikkje kjem i strid med nasjonal og regional areal- og miljøpolitikk.

Fylkesmannen er oppteken av å ha tidleg og god dialog med kommunane i deira arbeid med å revidere arealdelen til kommuneplanen. Vi ser det som svært viktig at kommunane i dette arbeidet brukar planforum for å presentere ny arealbruk og konsekvensutgreiinga før planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn. På denne måten kan eventuelle konfliktar avklarast før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Prioritering av arbeidet med å revidere arealdelen til kommuneplanen, med konsekvens­vurderingar av arealbruken, er viktig for å sikre ei heilskapleg og god forvaltning av areala i fylket. Fastsetjing av arealbruken i kommuneplanen, og utarbeiding av reguleringsplanar som er i samsvar med overordna plan, vil kunne bidra til ei meir berekraftig arealutnytting. Grunnlaget for å sikre viktige natur-, landskaps- og friluftsverdiar, jordressursar og samfunnstryggleik vil då vere på plass.

Ei slik heilskapleg planlegging vil kunne gi færre motsegner mot kommunale arealplanar frå Fylkesmannen og andre med motsegnsrett. I tillegg vil dette føre til mindre ressursbruk både på regionalt og kommunalt nivå, og bidra til betre og raskare kommunale planprosessar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.