Høyring av dispensasjonssaker – Statsforvaltaren svarar Sivilombodet
Sivilombodet har stilt tre konkrete spørsmål til praksisendringa vår i kommunale dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. Her er svara våre, og meir om bakgrunnen for ordninga.
Spørsmåla har bakgrunn i brevet vårt til kommunane i Vestland, der vi gjer greie for at vi endrar praksis i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova, ved at vi ikkje lenger ber om å få slike saker på høyring før kommunane gjer vedtak. Ordninga er tenkt som eit forsøk, som skal evaluerast etter eitt år.
Bakgrunnen for ordninga er at vi ser at dersom vi skal få ned talet på dispensasjonar for å styrke respekten for arealplanar, kan det vere eit betre verkemiddel å bruke ressursar på opplæring om regelverket, både om planarbeid og dispensasjonar, enn på å gje fråsegn i einskilde saker.
Vi har med forsøksordninga ikkje meint at Statsforvaltaren og kommunane skal fråvike oppgåvene eller samordninga som plan- og bygningslova legg til dei ulike forvaltningsnivåa, men at kommunane som del av tillitsreforma i første omgang sjølve tek stilling til enkeltsaker innanfor rammene av nasjonal, regional og lokal arealpolitikk.
Statsforvaltaren vil framleis gje fråsegn i enkeltsaker der kommunane særskilt ber om dette, dersom primærstyresmaktene – i lys statlege planretningslinjer, rikspolitiske retningslinjer, nasjonale forventningar og andre sentrale føringar for nasjonal og fylkesregional arealpolitikk, meiner det trengst. Og vi vil som før vurdere å klage på dispensasjonsvedtak som er i strid med viktige nasjonale eller regionale interesser.