Høyring av dispensasjonssaker – fråsegn frå Sivilombodet
Vi har 18. mars fått fråsegn frå Sivilombodet om praksisomlegginga knytt til rolla vår som høyringsinstans i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.
Frå 2024 sette vi i verk ei prøveordning for eitt år, der søknader til kommunane om dispensasjon i arealsaker som hovudregel ikkje lenger skulle sendast på høyring til Statsforvaltaren. Tanken var at kommunane, i tråd med tillitsreforma, sjølve har ansvar for å vurdere dei to strenge lovvilkåra for å kunne gje dispensasjon, og at vi heller burde bruke kreftene på opplæring og rettleiing i plansaker enn å uttale oss i enkeltsaker. Vi bad i alle fall om å få inn alle kommunale vedtak om dispensasjon, for å vurdere om vi skal klage.
Sivilombodet gjennomførde på eige initiativ ei undersøking av Statsforvaltaren i Vestland si praksisomlegging. Vi sende 30. januar svar på tre spørsmål som Sivilombodet stilte i undersøkingsbrevet.
Sivilombodet si rettsoppfatning er at plan- og bygningslova, slik ho er i dag, ikkje opnar for å gjere den typen forenklingar eller målretting av dei samla ressursane på planområdet, som vi har lagt opp til i 2024.
Vi har fått frist til 22. april med å svare Sivilombodet, og vil no gå nøye gjennom fråsegna. Vi kjem att med nærare informasjon til kommunane etter at vi har vurdert fråsegna og sendt svar til Sivilombodet.
Statsforvaltaren vil, uavhengig av kva praksis vi legg opp til framover, arbeide for at talet dispensasjonssøknader i dei 43 kommunane i Vestland blir redusert. Målet må vere at både kommunane, fylkeskommunen og regionale statlege instansar, innafor rammene til lova, brukar mindre tid og ressursar på dispensasjonshandsaming. Med knappe ressursar kan vi alle på denne måten få frigjort kapasitet til å jobbe meir og betre med planar som styringsreiskap.