Vi fremjar motsegn mot framlegg til detaljreguleringsplan for Jostedalsbreen gondol
Vi vurderer at planforslaget for Jostedalsbreen gondol set nasjonale interesser vesentleg til side. Planforslaget vil ha negative konsekvensar for naturmangfald og friluftsliv.
Det er fleire grunnar til at vi vel å fremje motsegn, mellom anna:
- interessene knytt til verneområdet Jostedalsbreen nasjonalpark
- naturtypen kalkfattig og intermediært snøleie
- samanhengande naturområde med urørt preg
- verdiane knytt til tradisjonelt friluftsliv.
Vi har også lagt vekt på at tiltaket vil kunne vere eit verdifullt turisme- og reiselivsprosjekt for Sunnfjord kommune, men etter ei samla vurdering kan vi ikkje sjå at samfunnsnytten kan vege opp for dei ulempene og negative verknadane utbygginga vil ha for natur- og miljøverdiar av nasjonal interesse.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune har òg fremja motsegn til planforslaget. Motsegnene inneber at kommunen ikkje kan vedta detaljreguleringsplanen med bindande juridisk verknad.