Øving Tussatrollet 2024
Tysdag 5. mars øvde Eidfjord kommune, Vest politidistrikt, NVE og Statsforvaltaren beredskapsplanverket for fjellskred frå Tussafoten i Øvre Eidfjord.
Øvinga, som hadde fått namnet «Tussatrollet 2024», blei gjennomført i vårlege omgjevnadar i kommunestyresalen i Eidfjord.
Den var ei diskusjonsøving mellom hovudaktørane i fjellskredberedskapen; Eidfjord kommune, politiet, NVE og Statsforvaltaren. Kommunen hadde òg invitert med Eidfjord Røde Kors og Visit Eidfjord som observatørar. Scenarioet for øvinga tok føre seg eit fjellskred frå Tussafoten - frå grønt nivå (normalsituasjon) og heilt til raudt fare- og beredskapsnivå (evakuering og fjellskred går).
Eidfjord kommune, NVE, politiet og Statsforvaltaren diskuterte m.a. roller og ansvar i beredskapsplanverket for Tussafoten. Bilete: Oliva Bakketun.
Føremålet med å øve er å byggje opp og utvikle den operative beredskapskompetansen, og å evaluere planverket. Det er m.a. viktig for å vurdere om det er moment i objektplanen som må endrast eller oppdaterast, og om rollene til beredskapsaktørane er tydeleg avklarte.
Vi hadde òg notert oss nyttige innspel i førekant frå erfaringsutvekslinga på fjellskredkonferansen i fjor, om korleis gjere seg betre rusta til å øve på ei fjellskredhending.
Nasjonal beredskapsplan for fjellskred skildrar rammene for korleis beredskap mot fjellskred skal etablerast og driftast. For kvart høgrisikoobjekt skal det vere rutinar for planrevisjon, øvingar, informasjonsdeling og fagsamlingar. Statsforvaltarane har eit særleg ansvar for at desse rutinane vert følgde opp.
Fjellskred er nedfall av store fjellmassar, frå 100 000 til fleire millionar kubikkmeter. Sjølv om fjellskred er sjeldne, kan dei få enormt store konsekvensar. Tussafoten i Øvre Eidfjord har eit estimert volum på opp mot 13 millionar kubikkmeter, og fjellpartiet har ei rørsle på opp mot åtte cm per år.
Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider, om fjellskred i Vestland på Statsforvaltaren si temaside om fjellskred og om høgrisikoobjektet Tussafoten på Eidfjord kommune sin nettstad.
Hovudaktørane var samde om at det var ei nyttig og viktig øving, og vi vil saman halde beredskapsplanverket ved like og syte for at beredskapen mot fjellskred i Øvre Eidfjord er ivareteke.
Øving Tussatrollet 2024. Det blei òg gjennomført ei kort sambandsøving på slutten av dagen for dei som ønskte det. Bilete: Oliva Bakketun.