Farleg å rydde etter stormskade
Etter stormen Amy er det mange skader på hus, skog og straumlinjer. Rydding og reparering av slike skader kan vere svært farleg, og bør gjerast av dei som kan det.
Vindfelte tre, spesielt rotvelter, kan vere ei farleg «felle» på grunn av store spenningar i stamma og rota. Dette er spesielt farleg ryddearbeid og bør ikkje gjerast utan erfaring og kunnskap. For store skogskader er dette arbeid for profesjonelle skogsentreprenørar og aktørar. For enkeltvise velta tre i tettbygde strøk bør du også be om hjelp frå folk med erfaring, kanskje også ta kontakt med eige forsikringsselskap for å høyre om slike naturskade er dekka av forsikringa.
Har du som skogeigar fått vindfall etter stormen, må du avvege kva du skal gjere. Er det lite skade, bør du vurdere om det er naudsynt å ta ut det som ligg nede. Arbeidet er farleg og ein kan skade gjenståande skog og forringe tømmerkvaliteten. Skogfagleg kompetanse finst i kommunen og hos næringsaktørane. Skal du levere tømmer, må du melde melde inn dette på forhånd.
Skogkurs kan ved stor etterspurnad tilby kurs i vindfallshogst. Ta i så fall kontakt med din lokale kursinstruktør.