Sentrale beredskapsaktørar i Vestland samla på Voss

Ein mann står med mikrofon i eit møtelokale fult av folk og ser mot scena der det står ein mann i uniform.
Engasjerte deltakarar i møtet. Foto: Oliva Bakketun / Statsforvaltaren i Vestland.

Førre veke var sentrale beredskapsaktørar i Vestland samla på Voss til møte i fylkesberedskapsrådet.

Publisert 13.06.2025

I Totalberedskapsmeldinga som Regjeringa la fram 10. januar, vart samarbeid trekt fram som heilt avgjerande for å styrke beredskapsarbeidet, og for å sikre eit samfunn som er førebudd på krise og krig. Samarbeid mellom sivile og militære aktørar, og med næringslivet og frivilligheita, vart særleg nemnt.

Fylkesberedskapsrådet er ein godt etablert arena for samhandling på fylkesnivå. Der deltek etatar og organisasjonar frå offentleg forvaltning, Forsvaret, næringslivet og frivilligheita. Det er eit aktivt råd som møtest jamleg, øver saman og samhandlar under uønskte hendingar. Det er med og sikrar god innsikt i oppgåver, ansvar og roller på tvers av aktørane, som er ein viktig del av førebuingane på å handtere uønskte hendingar i heile krisespekteret.

På Voss stod mellom anna handtering av naturhendingar, totalforsvaret og den tryggleikspolitiske situasjonen på sakskartet. Sjølv om det no vert lagt stor vekt på evna til å ta hand om tryggleikspolitisk krise og krig, er det framleis nødvendig å ha merksemd på uønskte hendingar i fredstid. Å bygge god beredskap for «normalhendingar» er og ein viktig del at det å utvikle ei totalberedskapsevne. I Vestland handlar det ikkje minst om å takle uvêr som med jamne mellomrom utfordrar kommunane og dei andre beredskapsaktørane.

Vi fekk høyre frå rådmannen i Ullensvang, om korleis kommunen det siste året har vorte råka av fire større uvêr. Dei førte mellom anna til store øydeleggingar av infrastruktur, at folk måtte evakuere frå husa sine og at vegar vart stengt. Når det skjer er det ofte fjorden som vert både einaste og den viktigaste transportåra. I møtet vart det difor reist spørsmål ved korleis vi kan utnytte dei samla ressursane i samfunnet, for å sikre båtberedskap på Hardangerfjorden.

Kommunedirektøren i Ullensvang viste dronefilm om skadane etter uvêret Jacob i oktober 2024.
Kommunedirektøren i Ullensvang viste dronefilm om skadane etter uvêret Jacob i oktober 2024. Foto: Christer Furøy / Statsforvaltaren i Vestland.

I innleiinga til bolken om totalforsvaret, fekk vi eit foredrag ved Stig Rune Sellevåg. Han er sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Sellevåg trekte fram kor viktig det er at systema for samhandling og krisehandtering på regionalt og lokalt nivå fungerer. Det gjer det nødvendig å jobbe vidare med å styrke samarbeidet og beredskapen innanfor dei rammene vi har i dag. Samstundes understreka han kor viktig det er at totalforsvarsproblematikken vert ein del av all planlegging, og at ein på alle nivå må ta inn over seg den tryggleikspolitiske situasjonen. Det handlar om alt frå å utarbeide beredskapsplanar, til å utforme bygg som er sentrale for å kunne ivareta kritiske samfunnsfunksjonar.

Diskusjonane i pausane er òg viktige. Foto: Mari Severinsen / Statsforvaltaren i Vestland.

For Statsforvaltaren er det viktig å dyrke vidare kulturen for samhandling, og gjere fylkesberedskapsrådet endå betre rigga for å handtere uønskte hendingar i øvre del av krisespekteret. Vi vil halde fram med å følgje opp forventinga om at alle kommunane skal ha beredskapsråd, og bidra til at potensialet i dei vert utnytta på ein god måte.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.