Frivillige verjemål
Med bakgrunn i medieoppslaga hausten 2018 har Fylkesmannen i Vestland nyleg sendt ut ca 4.000 brev til verjehavar og verje. I breva er det gitt informasjon om korleis eit verjemål kan avsluttast, dersom ein ikkje lenger ønskjer å ha verje.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppheve verjemål
Verjemål skal ikkje opplevast som tvang. Dersom nokon opplever å ha verjemål utan å ønskje det, vil vi at dei tek kontakt med Fylkesmannen.
Utsendte brev
Fylkesmannen har på oppdrag frå Justisdepartementet sendt ut ca 4.000 brev til verjehavarar og verjer i Hordaland og Sogn og Fjordane i februar 2019. I breva er det vist til at både verja og Fylkesmannen kan hjelpe med råd og rettleiing. I brev til verjehavar ber Fylkesmannen om tilbakemelding innan 1. mars, dersom ein ønskjer å avslutte verjemålet. Uavhengig av dette kan ein når som helst be om å få oppheva verjemålet.
Samtale med verjehavar – samtaleverktøy
Det er utarbeidd ei rettleiing om korleis verje kan gjennomføre samtalen med verjehavar.
Sjå også vedlegg på høgre side for eige støtteskjema og spørsmålsrekkje som verja kan bruke i samtale med verjehavar.
Informasjonsfilm om verjemål
Ei verje er ein person som hjelper deg med å ta hand om dine rettar og gjer deg støtte og råd. Her kan du sjå ein kort informasjonsvideo om frivillig verjemål. Hugs å skru på lyd.
Kontaktpersonar
-
Kristine Hansen
Tlf: 55 57 20 63 -
Stian Stensrud
Tlf: 55 57 22 74 -
Pia Davanger Angel
Tlf: 55 57 23 76